Kast blomane i frityren!

I helga blei det ein ny runde med friterte squashblomar, etter same oppskrift som sist. Men sidan bildet blei mykje meir innbydande denne gongen, legg eg like godt ut oppskrifta på ny her.

  1. Bland saman litt kveitemjøl med salt, pepar og litt finhakka kvitlauk. Rør ut til ei glatt røre med øl eller farris (kolsyra skal bidra til å laga bobler i deigen når blomane blir fritert).
  2. Plukk vekk alle slags utyskje frå blomane, og skjær vekk støvbæraren i midten av blomen.
  3. Dypp blomane i røra, og legg i varm frityrkokar. Om du, som meg, ikkje har frityrkokar heime går det veldig godt an å varma opp olje i ei vanleg gryte. (Men pass på å ha eit lok i nærleiken, i tilfelle det skulle ta fyr i olja. Då må du slenga loket på fortare enn svint, så slokkar det av seg sjølv.)

Har du prøvd å fritera blomar nokon gong?

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s