Blomebruschetta

Ha blomane på brødet, og server anten som forrett, lunsj eller kvelds.

Denne retten kan imponera både kjøtetar og vegetarianar, og er leikande lett å laga, sjølv m det tar litt tid om du skal gjera det skikkeleg.

Foccacia

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl vatn
  • 1 pakke tørrgjær
  • Litt salt
  • Litt timian
  • Litt olivenolje
  1. Bland lunka vatn og olje, og bland inn alt det tørre.
  2. Elt deigen, eller røra som det liknar meir på, litt før du heller deigen over i høveleg form.
  3. Stikk ein drøss med hol i deigen med fingrane, og krydr med havsalt og timian.
  4. Sett til heving, og steik deretter til brødet er ferdig på rundt 200 grader.

Tomatconcasse

  • Tomater
  • Vatn
  • Litt olivenolje
  1. Kok opp ei stor gryte med vatn.
  2. Snitt eit kryss i stilkenden på tomatene, og slepp dei oppi det kokande vatnet.
  3. Etter eit lite halvminutt tar du tomatene ut av kokevatnet og over i ein balje med isvatn.
  4. Trekk av skinnet og del tomatene i to.
  5. Bruk ei teskei eller noko sånn til å grava ut innmaten.
  6. Hakk tomatkjøtet i høvelege teringar, og ha på litt olje.

Og sånn blir det blomebruschetta:

  1. Skjær tynne skiver av brødet (store eller små alt etter kva du skal servera det som, og korleis du likar det).
  2. Legg på ein liten haug tomatconcasse på kvar skive. Dryss eventuelt over litt havsalt.
  3. Plukk etande blomar frå hagen, og legg over tomatene. Eg har brukt ruccolablom, graslaukblom og ringblom, men det funkar sikkert fint med andre blomar òg.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s