Smakfull knokesuppe

Regnet hamrar mot vindaugo, vinden tek tak i husveggenne, og alt vitnar om at hausten er over oss for fullt. Kva gjer vel betre for kropp og sjel då, enn ei god og smakfull kjøtsuppe?

Denne suppa er laga av ingrediensar som er i sesong no om hausten, og er dessutan super for familiefolk med travle ettermiddar. Kjøtet og krafta kan nemleg like gjerne kokast kvelden i førevegen, slik at middagen knapt tar 20 minutt å laga.

For ein familie på fire treng du:

  • Ein røykt svineknoke
  • Tre poteter
  • Tre gulrøter
  • Ein lauk
  • Ein halv fennikkel
  • Grovkverna pepar eller heil pepar som du knuser sjølv i mortaren
  • Ei matskei fransk estragon
  • Flattbrød og smør til servering
  1. Ha nok vatn til å akkurat dekka knoken i ei gryte og kok opp. Når det kokar har du i kjøtet, legg på lok og lar det småputra i 2,5-3 timar. Skum av skit som flyt til overflata undervegs.
  2. Dersom du til dømes førebur kjøtet dagen i førevegen, kan du no setja gryta i kjøleskapet. Om du skal laga middag med ein gong, tar du ut kjøtet og begynner å kutta grønsaker.
  3. Kutt grønsakene i små terningar og kok dei møre i krafta frå svineknoken. Smak til med pepar. Salt trengs ikkje, då krafta bør vera plenty salt nok etter kjøtkokinga.
  4. Rens svineknoken, og skjer kjøtet i små bitar. Tilsett kjøtet i suppa rett før servering. Sidan kjøtet alt er ferdig kokt treng det berre varmast opp, og mister mykje smak om det får for mykje varme etter oppdeling.
  5. Finhakk estragon og dryss det over suppa. Saman med fennikkelen gjev dette ein deilig og krydra lakrissmak til suppa.
  6. Et og kos dykk og nyt livet.
  7. Ta på støvlar og gå ut og hopp i søleputtane.

9 thoughts on “Smakfull knokesuppe

  1. Grønnsakssuppe lagd på røkt/saltet svineknoke er det beste poden på 11 får til middag og han er sååå fornøyd når han ser det står en suppe på kok med jevne mellomrom 😉
    Takk for tipset – er en stund siden sist så ikke så lenge til neste gang, tenker jeg 🙂
    Fin blogg forresten! Er lagt til favorittene mine!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s