Steikt ris med gris

steikt ris

Dagens store spørsmål: Er denne retten for lite fotogen til å legga ut på bloggen?

Kona sitt svar er ja. Mit er nei. Noko av grunnen til at eg skriv om mat er jo nettopp å få andre til å gjera det same, og då tenker eg at det kan senka terskelen for andre til å gå laus på kjøkenet om dei ser at eg også lagar mat som ser ut som dyrefor innimellom.

Difor spør eg deg. (Svaret kan du skriva i kommentarfeltet. Eg slettar ikkje innlegget, men det kan jo kanskje vera responsen fører til at lista blir lagt høgare eller lågare ved eit anna høve.)

Her er i alle fall oppskrifta på retten, som er veldig greitt å laga om du til dømes har handla inn litt for mykje til denne middagen dagen før.

  1. Steik kjøtdeigen.
  2. Grovhakk grønsakene og ha dei oppi panna til kjøtet.
  3. Ha i risen og steik eit par minutt.
  4. Smak til med salt og pepar.
  5. Visp saman egga, og ha dei over det heile, så er middagen plutseleg ferdig.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s