Meny for utdrukne menn

Anders Totland lagar mat i utdrikningslag.

Denne helga fekk eg ei kjekk utfordring. Eg skulle laga god mat til om lag 20 menn i eit utdrikningslag. Her er menyen.

Når eg skal laga mat til ei forsamling som utelukkande består av menn, kjenner eg fordomane kjem springande. Menn treng mannemat, og behovet for skikkeleg mannemat aukar for kvar eining ein tyllar i seg.

I sånne samanhengar synest eg det er ekstra kjekt å laga ein litt utfordrande meny. Difor blei det både fisk og store mengder grønsaker i helga.

Litt begrensningar låg det i at gildet skulle vera i eit gamalt sjøhus. Som bildet øverst såvidt viser, er det steikeomn og koketopp der, men dei ville ikkje eg bruka når eg hadde ein god, gamaldags vedomn på kjøkenet, og det stod ein stor, fin grill utføre.

Ratatouille på vedomn.

Og sånn blei menyen:

  • Då gjestene kom i fire-tida, hadde eg laga klar nokre heilt enkle lefser med spekeskinke og ein kremost med grilla paprika.
  • Første skikkelege rett var ei fiskesuppe med pale, laks, ingefær, fennikel, reker, vårlauk og persille.
  • Til middag laga eg heilgrilla ytrefilet av okse med ei svær gryte ratatouille til tilbehør. Attåt fekk dei bakte poteter, som fekk seg ein runde på grillen medan kjøtet kvilte, og ein solid kubbe kvitlaukssmør.
  • Dessert er godt, men til eit selskap som dette tenkte eg det kunne vera like godt å la maten synka, og heller fylla på med meir drikke, før det var tid for nattmat. Så eg droppa desserten. Og nattmaten var like enkel som han var smart (om eg skal seia det sjølv). Eg kokte rett og slett berre opp resten av den store gryta med ratatouille saman med grove bitar av kjøtpølse. Og alt forsvann.

ratatouille på vedokmnen høgdebildew

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s