Fiskesuppe med fennikel og ingefær

Fiskesuppe.

Denne oppskrifta er ganske frisk, sjølv om ho er feit som få.

For å vera heilt ærleg har eg aldri laga fiskesuppe etter oppskrift. Det er litt som når eg lagar putt i panne. Eg puttar oppi det eg har, som eg trur kan smaka godt ilag.

Difor har eg heller ikkje noko nøyaktig mål på kor mykje som skal vera av kvar ingrediens i denne suppa, som eg laga ei stor gryte av i eit utdrikningslag i helga.

Men her er i alle fall ingrediensane som trengs:

  • Kvit og raud fisk (eg brukte pale og laks)
  • Fennikel
  • Lauk
  • Ingefær
  • Vårlauk
  • Persille
  • Reker
  • Heilmjølk
  • Fløyte
  • Kvitvin
  • Maizenna
  • Salt og pepar
  1. Varm litt olje i ei gryte, og ha oppi finhakka lauk og litt ingefær. La det surra til lauken blir gyllen.
  2. Tøm over kvitvin, og la det koka inn ei stund.
  3. Ha oppi grovhakka fennikel, mølk og fløyte og kok opp.
  4. Jamn suppa med Maizenna, så ho får fin konsistens.
  5. Rett før servering har du oppi små terningar av fisk, som berre treng eit par minutt i gryta til å bli ferdig.
  6. Smak til med salt og pepar.
  7. Server med finhakka persille, tynt snitta vårlauk og reker.

Fiskesuppe.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s