Snaps med chili og estragon

dram

Denne drammen reinskar både munn og hals og det som er.

Kombinasjonen brennevin og chili er ein av mine favorittar. For det første smakar det godt. For det andre er det relativt stor underhaldningsverdi i å servera det til andre.

Med litt estragon i, blir først og fremst lukta betre. Det skal nemleg godt gjerast for krydderet å trenga gjennom smaken av chili.

Denne drammen laga eg for å servera mellom fiskesuppa og kjøtretten i eit utdrikningslag nyleg. Og det funka. Smaken av fisk forsvann, og mennene var plutseleg klare for kjøt.

Dette treng du:

  • Ei halvflaske brennevin (60 prosent)
  • 4 stykk raud chili
  • 1 bunt estragon
  1. Finhakk chili og estragon, og ha det oppi brennevinet i eit glas eller ei flaske med lokk.
  2. Rist godt, så det blandar seg.
  3. Lat stå! (For kvar dag miksen står, dess betre blir det.)

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s