Svinefilet med ratatouille og omnsbakte tomater

Svinefilet med ratatouille og omnsbakte tomater.

Eg er inne i ein god ratatouille-periode. Denne oppskrifta er med svinefilet og omnsbakte tomater.

Oppskrifta på ratatouille finn du her. Vil du gjera grønsakene litt fjongare, kan du også prøva denne delikate oppskrifta på ratatouille.

Sjølv om ratatouillen er full av tomater, synes eg det er veldig godt å servera denne retten med halve småtomater som er tørka litt i omnen. Det gjev ein anna konsistens, som bryt litt med ratatouillen, og tilfører også ein litt anna smak.

Små tomater som er bakte i omnen med timian.

For å laga desse omnsbakte tomatene treng du:

  • Ein handfull små tomater
  • Litt olje
  • Havsalt og pepar
  • Timian
  1. Del tomatene i to, og legg dei i ei eldfast form.
  2. Dryss over salt, pepar, timian og litt olje.
  3. Sett i steikeomnen på 120 grader i ein times tid.

Svinet må du nesten berre sjå an storleiken på, for å vita kor lang steiketid som trengs. Men min favorittframgangsmåte er så enkel som dette:

  1. Skjær vekk den tjukke hinna på fileten, og krydr kjøtet med nykverna pepar.
  2. Steik kjøtet i omnen på 150 grader så lenge som trengs. Eit godt tips er at svinekjøtet som regel er ferdig ganske lenge før du trur. Det skal verken vera rått eller grått.
  3. Kvil fileten i 15-20 minutt etter steiking, og svi han av i varmt smør i ei steikepanne rett før servering. Det gjev ei fin hinne, som både ser bra ut og smakar godt.

Svinefilet med rataouille og omnsbakte tomater med timian.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s