Grilla kyllinglår med karrisaus

Grilla kyllinglår

Fyr i grillen, og finn fram kyllinglåra.

Kyllinglår er spesielt bra til å ha på grillen, fordi det ikkje tørkar ut på same måten som kyllingbrysta gjer når det blir varmebehandla.

Men det tar litt lenger tid å grilla kyllinglår enn det eg orkar å venta når eg står med grillen. Så eg legg dei i steikeomnen på 120 grader ei god stund før grilling, så tar eg berre siste finishen over flammane.

Dette treng du for å grilla kyllinglår:

  • 4 kyllinglår
  • Litt olje, salt og pepar
  1. Legg låra i ei eldfast form, krydr og ha på litt olje, og steik på 120 grader i om lag ein halvtime.
  2. Fyr i grillen. Når det er klart til å grilla, legg du låra på.
  3. Snu undervegs, så det ikkje svir seg.

Dette tren du for å laga karrisaus:

  • 1 lauk
  • 2 båtar kvitlauk
  • 1 appelsin
  • 1/2 ts finhakka chili
  • 3 dl matfløyte
  • 2 ts karri
  • Salt og pepar
  1. Finhakk lauk og kvitlauk, og steik i litt varm olje.
  2. Ha i karrien, og la det surra litt.
  3. Grovhakk appelsina, og ha henne oppi til lauken saman med chilien.
  4. Hell over fløyten og la det heile koka inn litt.
  5. Smak til med salt og pepar.

Server med ris, så kan det sjå om lag slik ut:

Grilla kylling med karrisaus og ris.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s