Ostesmørbrød med kylling og bacon

Ostesmørbrød med kylling og bacon

Ostesmørbrød treng på ingen måte vera noko simpelt.

Dette er vel kanskje like mykje ein kyllingsandwich som eit ostesmørbrød, men eg kallar det no eit ostesmørbrød likevel, i og med at det trass alt er gratinerte osteskiver, og det også er eit smørbrød.

Til fire personar treng du:

  • 2 kyllinglår
  • 8 baconskiver
  • 8 brødskiver
  • Kvitost til å dekka skivene
  • 1 beger rømme
  • 2 båtar kvitlauk
  • 1 hjertesalat
  • 1 tomat
  1. Steik kyllinglåra med litt olje og salt på på 250 grader i ein liten halvtime.
  2. Legg ost på brødskivene, og gratiner på 220 grader til osten er smelta.
  3. Steik bacon.
  4. Kutt opp salat og tomat.
  5. Plukk kyllinlåra, så du får reint kjøt utan bein. Dersom skinnet er sprøsteikt, kan det vera godt å bruka det òg.
  6. Finhakk kvitlauken, og bland inn i rømmen saman med litt salt og pepar.
  7. Server med osteskive underst, og legg deretter på alt det andre og ei ny osteskive på toppen.

Då kan det sjå sånn ut:

Ostesmørbrød med kylling og bacon.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s