Biff med brokkoli

biff og brokkoli

Ein enkel og god biffmiddag skal du ikkje kimsa av.

Me prøver – og eg understrekar prøver – å ha ein viss plan for kva me skal ha til middag dei ulike dagane her i heimen, sånn at me kan handla inn råvarer på nokolunde fornuftig vis.

Likevel går det ikkje alltid som planlagt. Som til dømes i dag, då kona kom heim med to biffar, ein pose fløytepoteter og ein boks raudvinssaus – som ho ville eg skulle laga til kvelds.

Kven kan vel seia nei til slikt? I alle fall ikkje eg.

Som sagt var både poteter og saus ferdig frå butikken, så dei er ikkje så interessante å gå nærmare inn på her. Kjøtet og grønsakene, derimot, gjorde eg litt med.

Eg fann nokre grøne grønsaker i kjøleskapet (brokkoli, vårlauk og hjartesalat), som eg tenkte kunne passa godt til biffen. Her er ei slags oppskrift:

  • To porsjonsbiffar av ytrefilet
  • Litt brokkoli, vårlauk og hjartesalat
  • Smør, salt og pepar
  1. Begynn med kjøtet. Ha grovkverna pepar på begge sider av kjøtet. Gni eit kvitlauksfedd i ei steikepanne Varm litt smør i panna og steik biffane på begge sider til det nærmar seg ferdig. La kjøtet kvila ei stund før servering, så saftene set seg i kjøtet, og ikkje piplar ut så snart du set kniven i det.
  2. Del brokkolien i små bitar, og kutt opp salat og vårlauk. Steik desse lett i panna til kjøtet når du har lagt kjøtet til kviling.
  3. Ha godt salt på både grønsaker og kjøtet.
  4. Server med fløytegratinerte poteter og raudvinsaus.

Då kan det til dømes sjå sånn ut:

biff

2 thoughts on “Biff med brokkoli

  1. Det här låter jättegott. Goda, raka smaker: kött, broccoli och potatisgratäng. Jag blir hungrig när jag läser!
    Trevlig blogg, men lite svårläst för en svensk. Jag tror du skriver på nynorsk, och det är svårare att förstå än bokmål.
    /Roland

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s