Oppsummering av vårens foredragsturne

foredrag

Ei veke med hageprating rundt om i Hordaland er vel overstått. Her er oppsummeringa.

Lite visste eg om kva eg gjorde, då eg takka ja til å resia på turne for Hageselskapet i Hordaland, i samarbeid med Folkeakademiet, i haust.

Men jaggu gjekk det ikkje så altfor verst likevel. No har eg reist til Laksevåg, Bømlo, Voss og Odda, og snakka om ugras og blomar i kjøkenhagen. Og tilbakemeldingane har vore gode. Så om andre hagelag, eller kven som helst for den del, ønskjer eit liknande opplegg, er det berre å ta kontakt.

Eg lova å legga ut eit innlegg her på bloggen med linkar til alle oppskriftene eg var innom i løpet av dei fire foredraga. Her kjem dei:

Om eg har gløymt noko her no, må de som var og høyrde foredraga skrika ut i kommentarfeltet, så skal eg leita det fram.

Då gjenstår det berre å takka for god mottaking rundt i fylket. Foredragsturnelivet gav absolutt meirsmak, sjølv om det blei nokre seine kveldar og tidlege morgonar.

5 thoughts on “Oppsummering av vårens foredragsturne

  1. Takk for sist fra Laksevåg, utrolig hageglede over alt som vokser og gror i hagen:) og som kan spises og brukes i mat. Alle som klager over at hage er bare stress skulle ha snakket litt med deg.

  2. Tusen takk for flott foredrag i Laksevåg Hagelag ! Nå blir det jakt etter hager som har usprøytet skvallerkål😉

  3. Takk for interessant foredrag som du hadde i Odda torsdag kveld for hageselskapa Odda og Hardangerblomen ! Blei inspirert til å prøva oppskriftene dine og å setta i gang med kjøkkenhage til våren🙂

  4. Korkje sprøyteveske eller kunstgjødsel i hagen her! Rikeleg av skvallerkål (diverre, har eg tenkt til no :)) og løvetann. Rabarbra og.. Skal ta fram oppskriftene når det vårast..

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s