Hurra! Jordbæra har overlevd berrfrosten

Jordbærplante

Jordbærplante

Etter ein kald vinter med mange minusgrader og lite snø, frykta eg det verste for jordbærplantene, etter å ha lese ein eller anna plass på internett at jordbærplanter ikkje tåler slikt.

Difor var det ein svært letta hageeigar som i går kunne konstatera at det spirer og gror i jordbærpallekarmane.

Som bildet så vidt viser er det mykje vissent i karmane, noko eg rekna med etter at det tok heilt av med stiklingar og jorbærplanter i fjor. Men det er også nokre små, grøne greier som stikk opp av bakken.

Om eg ikkje tar heilt feil, betyr dette at sjansane er store for at eg kan plukka sjølvdyrka jordbær i sommar. Det er bra.

Det beste med det er likevel at kona kan henta jordbær i hagen. Då blir ho glad.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s