Laks med grønsaker på grillen

Laksepakke på grillen

Det er lite som slår ein god grillings. Men me kan ikkje eta kjøtmat kvar dag. Då er det greitt å kunna laga denne enkle, men veldig gode, lakseretten.

Du treng i utgangspunktet berre fire ting: Fisk, grønsaker, aluminiumsfolie og fyr i grillen. Eg brukar som regel det eg finn av grønsaker i kjøleskapet. Denne gongen var det lauk, vårlauk, soltørka tomater, paprika og persillerot. For å laga det same treng du:

  1. Kutt laksen og grønsakene i grove bitar, med unntak av kvitlauken og persillerota som du kan hakka ganske fint.
  2. Fordel maten på fire bitar aluminiumsfolie som er store nok til at du kan bretta dei saman.
  3. Ha på litt olje, salt og pepar i kvar pakke, pakk pakken, og legg på grillen.
  4. Når pakken er ferdiggrilla tar du han av grillen, og opnar pakken. Då kan du anten servera pakkane som dei er, eller kvelva innhaldet over på tallerk, sånn eg har gjort her:

laksepakke på tallerk

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s