Eg er klar for nye utfordringar

anders

Etter nokre års tørketid, er eg igjen klar for å slipa kokkeknivane, om nokon skulle ønskja det.

Før eg begynte som journalist for nokre år sidan tok eg med ujamne mellomrom oppdrag som kokk utanom den faste jobben min, der eg anten kom heim til folk, eller på hytta eller i skauen eller kor som helst, og diska opp med eit alternativt festmåltid.

Dei siste åra har eg verken hatt kapasitet eller lyst, men no kjenner eg det er på tide å stryka kokkejakkene igjen. (Dette betyr på ingen måte at eg har tenkt å slutta som journalist, berre så det er sagt.)

Kvifor eg ikkje lenger utelukkar å gjera slike jobbar har eg i grunn ikkje noko godt svar på. Men eg kjenner at eg har fått tilbake den gleda eg i mi tidlege kokkekarriere hadde av å laga mat til andre enne mine eigne, private gjester.

Kanskje er det matblogginga og den nye matspalta eg skriv i Sunnhordland som har lokka fram engasjementet igjen? Ikkje veit eg.

Uansett: Eg skal ikkje bruka denne bloggen til å marknadsføra meg sjølv som kokk, men vil no berre nemna denne eine gongen at eg framover er open for å gjera kjekke kokkejobbar, om nokon skulle ønskja det.

Som i gamle dagar er det ikkje aktuelt for meg å driva på koldtbordmarknaden, så det føreset at ein ønskjer noko litt meir spenstig for vennegjengen, arbeidsflokken, utdrikningslaget eller kven som helst ein ønskjer å varta opp med ei usedvanleg velsmakande oppleving.

Den beste måten å koma i kontakt med meg er med epost til totlanders@gmail.com, men innimellom er eg også tilgjengeleg på telefonnummer 98242002.

One thought on “Eg er klar for nye utfordringar

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s