La humla suse!

humla

Har du ikkje høyrt det? Humla heng i ein tynn tråd.

Det er ikkje berre-berre å vera humle i dagens samfunn. Nye vegutbyggingar, byggefelt som reiser seg der det før var skog og generell nedbygging av naturlege habitat trugar heile humleeksistensen.

Det kan me ikkje ha noko av.

No trur du kanskje dette er noko sånn venstreradikalt miljøvernarpjatt, men då tar du feil. Som det aller meste anna her i verda, er det lite eg går i bresjen for om eg ikkje har noko å tena på det sjølv, på eitt eller anna nivå. Såpass sjølvinnsikt har eg.

Humla er nemleg ein viktig medhjelpar i kampen for gode frukt- og bæravlingar, der han summar rundt og pollinerer. Saman med biene er humla naturen sitt eige prøverøyr, så å seia.

For å gjera livet lettare for humlene, og dermed auka sjansen for at dei ikkje forsvinn heilt frå den norske faunaen, er det nokre enkle grep du kan ta. Trinn ein er å ikkje asfaltera hagen. Trinn to er å sjekka Hageselskapet si liste over særleg humlevennlege planter, og sørgja for at du har plenty av sånne i hagen, som til dømes krokus no tidleg på våren.

krokus

Her kan du lesa kva landets ukrona hagebloggdronning skriv om det same emnet på bloggen Moseplassen.

5 thoughts on “La humla suse!

  1. Jeg er veldig stor fan av fylte blomster, og har en tendens til å velge meg disse framfor de enkle. Men tror jeg må bl flinkere til å balansere, sånn at jeg kan få litt humlevennlig i min hage også.

    Linken til hageselskapet har jeg ikke sett før, så den skal leses gjennom.🙂

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s