Endeleg fekk eg spaden i jorda

hageavfall

Våren er komen til hagen, og haveavfallet er rydda vekk.

Eller, rydda vekk er vel gjerne å ta litt vel hardt i, når eg eigentleg berre har flytta det ein liten meter, frå ein open haug til eit pallekassetårn.

Uansett ser det mykje ryddigare ut no, og eg trur komposteringa vil bli meir effektiv i dei mørke karmane enn då hageavfallet låg rett på bakken i ein haug.

Planen er å ha fire pallekarmar i høgda, og at det etter kvart skal bli tre slike tårn: Eitt til årets avfall, eitt til fjorårsavfallet og eitt til det nesten ferdigkomposterte hageavfallet som alt har stått eit par år.

Men sidan eg ikkje har hatt hage meir enn halvtanna år enno, treng eg i år berre to tårn, som eg no snart har fått på plass. Det einaste problemet er at eg no treng enda fleire pallekarmar, om eg ikkje skal skrinlegga planen om å utvida kjøkenhagen i år.

Så om nokon har pallekarmar til overs, er det lov å levera dei i tunet mitt. Så skal du få ein kopp kaffi og eit stort smil i retur. Sånn:🙂

 

One thought on “Endeleg fekk eg spaden i jorda

  1. Se deg litt rundt etter større byggeplasser. Jeg spurte en byggeleder pent etter å få kjøpe noen karmer rimelig da kjøpesenteret her ble bygd ut – “bare ta” var svaret, så nå har jeg 25-30 karmer stående ute i garasjen.😀

    Jeg skulle også hatt en mer organisert kompost for hageavfallet.. Kanskje i løpet av denne sesongen..

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s