No spirer dei første frøa

agurkspire

Det skjer saker og ting i minidrivhuset.

Søndag sådde eg årets første runde med frø, i eit slags minidrivhus som står inne i vindaugskarmen. Der sådde eg småagurk, chili, dvergkarse og squash.

Og i dag, tre døgn seinare, har agurken vist livsteikn. Fire av dei seks frøa har begynt å spira, og viser igjen som små, grøne spirer.

Tar eg ikkje heilt feil, følgjer sikkert squashfrøa etter i morgon. I så fall kan de vera sikre på at det kjem ei ny oppdatering her.

Det blir nesten litt sånn som Hurtigruta minutt for minutt dette, berre at det er frø dag for dag i staden.

Er du i gang med årets frø enno?

4 thoughts on “No spirer dei første frøa

    • Det veit eg aldri før sommaren kjem, sidan mykje av det som skjer i hagen vår skjer etter innfallsmetoden. Men denne veka har eg gjort eit forsøk på å forkultivera småagurk, chili, dvergkarse og ein type squash.

      I tillegg skal eg i alle fall så eit par sortar gulrot, bønner, sukkererter, salat, reddik, fennikel, bladbete, vårlauk, ein del etande blomesortar og litt diverse knask.

      Dei fleste urtene i hagen trur eg har overlevd vinteren, så det blir ikkje så mykje såing der.

      Noko spesielt du vil anbefala, som eg bør testa denne sesongen?

      • Det finnes ein del eldre frilandssortar av tomat og agurk. Eg har sjølv god røynsle med tomatsorten Sibirjack, den gjev god avling og er hardfør. Under plast kan ein god sort av chili frå Balkan fint klare seg.

  1. Hehe, herlig med frø som spirer, alltid, uansett hva det er!😀
    Sår litt jeg også, håper å få endel i jorda denne uka.

    Husker ikke om jeg la inn en kommentar på det, jeg har det nemlig med å lese blogger på telefon og der orker jeg ikke kommentere og så glemmer jeg vekk etterpå, men hjertlig takk for at du lenket til meg fra humlesaken din! supert at du også engasjerer deg.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s