Snaps og grillsaus med brennheit chili

brennevin

Det er ikkje utan grunn at eg har gjeve desse to oppskriftene namna Halsbrann og Magesår.

Før eg kjem til dei to oppskriftene, er eg nøydd til å fortelja ei lita historie, henta frå røynda. Det heile starta for ei vekes tid sidan, då eg skulle eta tapas hjå søskenbarnet til kona, som tilfeldigvis er den beste hobbytapaskokken eg veit om.

For halvtanna år sidan serverte ho oss nokre deilige og milde chili-greier, som heitte noko sånn som pimiento de padron. Av restane laga eg denne pizzaen, som var ei av dei første oppskriftene eg blogga om:

Heimelaga pizza toppa med spansk digg.

Heimelaga pizza toppa med spansk digg.

Det var denne typen chili ho sa eg fekk servert igjen sist helg. Så full av optimisme tygde eg i meg ein svær chili, og rakk akkurat å seia at det smakte godt før heile ansiktet stivna. Kjevane låste seg, tunga brann, munnhola skreik etter noko kaldt og vått. Heile kroppen var i full fyr, kjentes det som.

Og forklaringa fann me snart. I staden for den milde typen me trudde me åt, hadde me fått den hinsides sterke habanero. Det er vanskeleg å forklara skilnaden på ganske mild og heilt hinsides sterk med ord, så eg har laga ein aldri så liten illustrasjon:

plakat

Som de ser er denne chilien faktisk 1000 gonger så sterk som den eg trudde eg åt. Og sånn kjentes det òg i ein liten halvtime, før eg begynte å koma til hektene igjen.

Så kva gjer ein, når ein oppdagar at ein har grilla ei heil skål med ugudeleg sterk chili, som ingen klarer å eta utan stort fysisk ubehag? Kokka ville, forsåeleg nok, kasta dei. Eg hadde ein anna ide.

Dermed fekk eg med meg resten av chilien, og kunne forfatta desse to oppskriftene, som eg her vil presentera litt hulter til bulter.

chilien

Utgangspunktet for oppskriftene er om lag 25 grilla habaneros. Desse grovhakka eg, og hadde oppi eit Norgesglas saman med ei halvflaste Absolutt Vodka.

Eg rista glaset godt, og let miksturen stå over natta.

brennevin

Deretter silte eg av chilien frå væska, sånn at eg fekk eit glas med rosa brennevin og ein liten bolle med spritstenka chilibitar.

Dermed var ingrediensane til dei to oppskriftene klare: Brennevin til snapsen og chili til grillsausen.

Sånn lagar du snapsen Halsbrann:

  • Sil væska gjennom eit kjøkenhandkle.
  • Ha væska på flaske.
  • Drikk (med måte)

Sånn lagar du grillsausen Magesår:

  • Køyr chilibitane med litt olivenolje med ein stavmiksar eller kjøkenmaskin.
  • Ha oppi litt riven parmesan og ein liten handfull pinjekjerner.
  • Køyr med stavmiksaren og spe med olje til du får ein fin konsistens.
  • Ha sausen på flaske, og bruk han med måtehald, så ikkje maten blir øydelagt.

saus

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s