Hjelp, eg tar bilde av maten min!

middag på hytta

Alarm, alarm! Om du likar å ta bilde av maten din, kan det godt vera du er i trøbbel. Og månen er ein ost (som du kan ta bilde av, og dela på internett).

Sjølv om overskrifta her minnar mest om ein dårleg filmtittel frå 90-talet, er det faktisk ei slags oppsummering av såkalla nyare forskning, som VG er sitt samfunnsansvar bevisst og vidareformidlar til oss stakkars matbildedelarar i dag.

Kjelda til uromeldinga er ein kanadisk psykolog som meiner det er svært problematisk at somme nesten utelukkande deler bilde av mat på sosiale media. Me burde heller brukt tida vår til å dela bilde av andre ting, som til dømes familiemedlemmer og kor me har gått på tur, om eg har forstått det rett.

For problemet er ikkje at ein bruker for mykje tid til internett og slikt, når ein driv og deler matbilde. Neida, problemet er at ein bruker for mykje av internettida til mat.

Som ein ivrig matbildedelar freistar det veldig å harselera litt med heile problemstillinga; skriva at det er eit faresignal at forskarar bruker tida si til å problematisera matbildedeling, at det er eit faresignal for journalistikken at godt betalte journalistar bruker arbeidstida si til å vidareformidla slikt pjatt, og så vidare og så vidare.

Det skal eg ikkje gjera.

Eg har nemleg høyrt at fornekting er første symptomet på at ein er i faresona for kva det skal vera. I staden vil eg legga alle korta på borda med det same, og utan atterhald vedgå at eg er ein matbildedelar. Eg er ein sjuk, sjuk person, som tar bilde av maten min og legg bilda ut på internett. Stundom skriv eg endåtil ei oppskrift, som eg legg ved. Fysjom!

Men korleis skal eg koma fri frå denne forbanninga, hemskoen i livet som no, etter at eg har lese VG, truar både helse og familieliv?

Sidan det ikkje er den samla tida som blir brukt ved dataskjermen som er problemet, kan det vel ikkje hjelpa å redusera pc-tida og heller gå ein tur i skogen. Det er heller ikkje mengda mat eg får i meg som er problemet, så det hjelper nok ikkje å eta mindre (heldigvis!).

Men kva skal ein då gjera for å komma ut av faresona?

Konklusjonen er enkel: Me må begynna å legga ut bilde av andre, og viktigare, ting frå dagleglivet, som til dømes dagens outfit, snø i lufta og fugleskit på asfalten.

Sidan det ikkje snør og eg ikkje gidd å gå ut for å fotografera fugleskit, nøyar eg meg i dag med outfiten. Sånn, her er sokkane eg har på meg i dag:

sokkar

Eg kjenner alt eg begynner å bli friskare. God betring til deg òg!

 

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s