Pizza med kjøtboller med skvallerkål

pizza med kjøtboller

Det begynner etter kvart å bli ein god del oppskrifter på pizza her på bloggen. Her er ein ny type, som er sesongavhengig og difor må lagast no på våren.

Skvallerkål er nemleg ikkje noko ein får kjøpt på butikken, så den må etast når du ser han. Her på Vestlandet er sesongen for lengst starta, men i kaldare strok kan det godt vera ein må venta litt til.

For å laga denne pizzaen treng du ein god pizzasaus, som du finn oppskrift på her. I tillegg treng du:

  1. Bland det tørre med halvparten av mjølet.
  2. Lunk vatnet og ha i olja.
  3. Bland alt og køyr i kjøkenmaskin nokre minutt, og spe på med mjølet du har halde igjen til du får ein jamn og fin deig.
  4. La deigen heva ein time på kjøkenbenken.
  5. Hakk vårlauk, og kutt fine ringar med raudlauk.
  6. Riv soppen i passe små bitar og steik dei lett i smør. Då får dei ein rik og god smak, som gjer seg veldig godt på pizzaen etterpå.
  7. Kjevl ut deigen til pizzaemne, så store eller små som du vil.
  8. Smør på tomatsaus, og dekk med riven ost. Fordel toppingen utover pizzaen og steik til han er sånn pizzaen skal vera når han er ferdigsteikt.

pizza

One thought on “Pizza med kjøtboller med skvallerkål

  1. Hei! Ser ut som du har noen fantastiske pizzaoppskrifter. Skal nok bruke noen av dem som inspirasjon i helga🙂 Et tips; ser du har litt å gå på i forhold til “crust” på pizzabunnen. Ta en titt på http://www.BakingSteel.no (og ja, det er jeg som står bak, så det er ikke noe skjult forsøk på markedsføring, det er helt åpenlyst…) Hvis du er interessert i å prøve; ta kontakt. I dag fikk jeg tilbakemelding fra den 5. bloggeren som er superfornøyd🙂

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s