Sjølv om eg dagleg når ut til ein del lesarar her på bloggen, og kvar veke blir lest av store deler av innbyggjarane i Sunnhordland i matspalta DIGG, er det ikkje til å koma frå at det er litt ekstra stas å bli anbefalt av VG. No ligg oppskrifta mi på hamburger med skvallerkålpesto på avisa sine nye matsider Godt.no, som ei av elleve anbefalte burgeroppskrifter.
Der skriv dei: «Den beste hamburgeren lager du lett selv. Her deler noen av Norges beste matbloggere sine beste tips og oppskrifter for max smak. Lag disse så blir du «king of the grill».»
Her kan du sjå alle dei elleve burgeroppskriftene.
Advertisements