Grilla entrecote med bakt potet

grilling

Etter nokre travle veker med øving til sommarrevyen i Kvinnherad, der eg er kapellmeister, var det endeleg tid til litt familie- og hageaktivitetar i dag.

Det resulterte i årets første rotur, ei god hageøkt, grilling på terassen og ikkje minst to gode rundar krokett i hagen.

Til middag blei det entrecote på grillen. For å laga det same, treng du:

  • Eit godt stykke entrecote.
  • Bakepoteter.
  • Smør, krydder, urter og kvitlauk.
  • Ruccolasalat.
  1. Bak poteter i omnen.
  2. Fyr i grillen!
  3. Skjær kjøtet i tynne skiver og smør inn med litt olje og krydder.
  4. Bland inn finhakka kvitlauk, og krydder etter eigen smak i smøret.
  5. Grill kjøtet på full guffe.
  6. Server potetene med kryddersmøret i saman med kjøtet og ein god neve ruccolasalat. Den dyrkar du sjølvsagt sjølv. Dagens salat hausta eg i vinduskarmen.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s