Sjekk den koselege kompostplassen

kaldkompost

Etter at eg i fjor haust reiv kaldkompostbingen som eg var stolt som ein hane etter å ha bygd som fersk hageeigar, har eg no fått på plass ei ny og betre løysing.

I den andre enden av hagen, altså langt vekke frå der eg har mesteparten av kjøkenhagen, har eg plassert to bingar av pallekarmar.

Den til venstre på bildet har eg fylt med den gamle kaldkomposten, som alt er godt på veg til å bli kompostert. Den til høgre fyller eg på med årets hageavfall.

Planen er å setja opp ein tredje binge neste år, så eg har ein binge til kvart år heilt til kompostjorda er klar.

Og om ikkje kaldkompost i seg sjølv er koseleg nok, har eg plassert bingane halvvegs i skuggen av eit syrintre, som attpåtil luktar godt.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s