Muffins med rabarbra og vaniljekrem

rabarbramuffins høgdebilde

Denne muffinsoppskrifta er ganske enkelt superduper, og blir endåtil tilrådd av ei som ikkje likar rabarbra.

Eg har aldri vore nokon muffinsbakar. Faktisk har eg knapt bakt ein einaste muffins før, så vidt eg kan hugsa. Difor var eg litt spent på korleis det skulle gå då eg i dag skulle prøva meg på ei heilt ny rabarbramuffinsoppskrift.

Utgangspunktet var dette: Rabarbra er godt. Vaniljekrem er godt. Muffins er gøy. Altså: Muffins med rabarbra og vaniljekrem må vera både gøy og godt.

Og etter å ha smakt denne nye kreasjonen er konklusjonen nettopp det: Muffins med rabarbra og vaniljekrem er utruleg digg. Sjølv ho som var på besøk i kveld, som eigentleg ikkje er noko glad i rabarbra, synest dette var deilig. Då er eg nøgd.

Det kjekkaste var at muffinsrøra legg seg som eit skal rundt rabarbraen og vaniljekremen, og at det renn ut varm vaniljekrem når me set gaffelen i muffinsen.

Du treng:

  • 100 gram margarin
  • 150 gram sukker
  • 3 egg
  • 150 gram kveitemjøl
  • 1,5 ts bakepulver
  • 0,5 dl mjølk
  • 2 gode stilkar med rabarbra
  • Vaniljekrem

Sånn gjer du det:

  1. Pisk margarin og sukker kvitt.
  2. Bland inn egga.
  3. Ha i mjølka og det tørre og bland røra.
  4. Fordel røra i 12 muffinsformer.
  5. Skrell og kutt rabarbraen i passe små bitar, og fordel rabarbraen over muffinsane.
  6. Legg ei matskei med vaniljekrem oppå kvar muffins.
  7. Steik midt i omnen på 175 grader i om lag 20 minutt.

rabarbramuffins

2 thoughts on “Muffins med rabarbra og vaniljekrem

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s