Kake med glasert rabarbra

kake med glasert rabarbra

Her er ei rabarbrakake som funkar like godt til dessert som til kaffimaten.

Til kaka treng du:

  • 400 gram sukker
  • 700 gram kveitemjøl
  • 4 ts bakepulver
  • 200 gram smelta margarin
  • 1 liter vaniljesaus
  • Kanel og perlesukker

Sånn gjer du det:

  1. Bland alle dei tørre ingrediensane, bortsett frå kanel og perlesukker.
  2. Bland inn margarin og vaniljesaus, og fordel røra utover ei langpanne.
  3. Dryss på kanel og perlesukker på toppen.
  4. Steik kaka på 180 grader i om lag ein halv time.

Til toppingen treng du:

  • Ca 50 gram rabarbra per porsjon
  • 1 ss smør
  • 1ss sukker
  • Ferske mynteblad
  • Nokre ferske jordbær

Sånn gjer du det:

  1. Skrell rabarbraen og kutt i avlange bitar.
  2. Smelt 1 ss smør og 1 ss sukker i ein kasserolle, og ha oppi rabarbraen.
  3. La rabarbraen putra i smøret og sukkeret nokre minutt, til rabarbraen blir mør.
  4. Server kvart kakestykke med ein god dunge rabarbra på toppen, og pynt med mynteblad og halve jordbær. Om det er varmt i vêret blir det enda betre om du legg på ei kule vaniljeis.

kake med glasert rabarbra 4

One thought on “Kake med glasert rabarbra

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s