Mager panna cotta med rabarbra

panna cotta

Dette er ein klassisk dessert, av sorten som er lett å laga, men som likevel imponerer.

Panna cotta. Den italienske varianten av pudding. Fløyelsmjuk og god. Eg elskar panna cotta.

I motsetnad til pudding skal ikkje panna cottaen steikast. Det einaste du treng å gjera for å laga ein nydeleg panna cotta, er å koka opp mjølk og sukker, tilsetja gelatin og setja det heile kaldt.

Det er vanleg å bruka ein blanding av fløyte og mjølk, men til denne oppskrifta har eg berre brukt heilmjølk. Litt magrare, men likevel veldig godt. Lat oss kalla det ein kvardags-panna cotta.

Når massen har stivna, er det klart for servering. Her har eg lagt eit lite lag sirup med rabarbra på toppen. Den lagar du veldig enkelt med å grovhakka rabarbra, legga rabarbraen i ei eldfast form, dekka alt med sukker, ha i ein skvett vatn og setja forma i steikeomnen på 200 grader til alt sukkeret har smelta/løyst seg opp.

For å laga sjølve panna cottaen treng du:

  • 1 liter heilmjølk
  • 1,5 dl sukker
  • 8 plater gelatin
  • 1 vaniljestang

Sånn gjer du det:

  1. Legg gelatinplatene i kaldt vatn.
  2. Del vaniljestanga og skrap ut frøa.
  3. Ha mjølk, sukker og vaniljestang i ei gryte og gje det eit oppkok.
  4. Trekk gryta til sides, press vatnet ut av gelatinplatene og ha dei i ei etter ei medan du rører godt i gryta.
  5. Sil det heile før du fordeler massen i porsjonsglas.
  6. Sett kaldt.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s