Kjenner du igjen denne?

aspargesplante

Om du klarer å gjetta kva plante dette er, før du les vidare, er du god.

Av alt som veks i kjøkenhagen, er dette noko av det eg gleda meg mest til å prøva før eg blei hageeigar. Som kokk var dette også ei favorittråvare. Det er det for så vidt framleis.

Men same kor mykje eg har brukt denne råvara på kjøkenet, hadde eg aldri klart å gjetta korleis planta ser ut, før eg såg det i min eigen hage.

Planta du ser på bildet er nemleg ein asparges. Og ikkje nok med det. Planta er godt og vel ein meter høg.

Det heng nemleg saman slik at det er dei ferske skota på aspargesplanta som blir hausta og brukt i matlaging. Om du lar planta vera i fred, vil skota veksa vidare til store planter med greiner, blomar og frø. Som på bildet.

Og sidan nye aspargesplanter treng nokre år for å henta energi til rotsystemet, får førebels aspargesane i hagen min stå i fred.

Men neste år… Då skal eg forsyna meg grovt. Det blir bra.

asparges

One thought on “Kjenner du igjen denne?

  1. Anten du trur det eller ei, så tok eg den, men måtte sjekka (googla). Eg har fått lov på aspargesplanter av nokon som får plommer av meg, Godt byte!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s