Kalkun med ris og salat

kalkun

No er det salatsesong. Her er ei enkel og god oppskrift med kalkun i hovudrolla, og salat som tilbehør.

Det trengst ikkje alltid så mykje fiksfakseri. Særleg for oss som har små ungar og travle dagar er det greitt å gjera det litt enkelt innimellom.

Denne middagen lagar du på 20 minutt, og rekk endåtil å dekka bordet mens du held på.

Du treng så mange porsjonsbiffar av kalkun som personar du skal laga middag til, ris etter same mål og rikeleg med salat. Dei små salatblada er det mest og best smak i.

Steik kalkunen i omnen på 180 grader. Storleiken på biffane avgjer kor lang tid det tar, men 20 minutt bør halda om du ikkje går for dei tjukkaste stykkene. Hugs å la kjøtet kvila etter steiking, før du serverer middagen.

Følg oppskrifta på pakken når du kokar ris.

Vask salaten godt, og ha han i ein bolle. Hell på litt god olivenolje og ein liten skvett balsamicoeddik og vend salaten, så dei gode smakane får spreidd seg.

Server middagen når risen er kokt og kjøtet ferdigkvilt, med ein god dose salat på kvar tallerk.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s