Lefse med kylling og rabarbra

lefse med kylling og rabarbra

Her er ein middag som like gjerne kan serverast som lunsj eller kvelds. Den syrlege rabarbraen bryt perfekt mot den milde dressingen og den friske salaten.

Til ein familieporsjon (altså to vaksne og to små) treng du:

  • 2 kyllingfiletar
  • 4 lefser, eller wraps som ungdommen kallar dei
  • Restar av kokt ris
  • Salat
  • Rabarbra
  • Rømme
  • Graslauk

Sånn gjer du det:

  1. Skjær kyllingfiletane i små bitar, og steik i olje.
  2. Heilt på slutten av steiketida har du små bitar av rabarbra og ein god klatt med ris oppi panna, og rører godt medan det blir varmt.
  3. Server i lunka lefser med frisk salat frå hagen og ein god dressing av rømme og finhakka graslauk.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s