Biffsnadder med båtpoteter

biffsnadder

Det er ein grunn til at me kallar det biffsnadder. Det er biff, og det er snadder!

Gløym tørre kjøtslintrar med dvask pommes frites. Biffsnadder treng slettes ikkje vera guffen dagen-derpå-mat. Lag han sjølv, så blir han akkurat så frisk og fin og appetitteleg som du vil, eller i alle fall får til.

Det er ingen regel om kva slags kjøt du må bruka, men eg likar best okse. Og når eg ein sjeldan gong lagar biffsnadder, er det som regel av restane etter eit betre biffmåltid. Oftast er det “hammaren” på indrefileten eg har liggande igjen, som blir brukt i biffsnadderen.

Framgangsmåten er så enkel at sjølv far kan få det til:

  1. Steik biffbitane i ei varm panne, og ha oppi grovhakke grønsaker (lauk, paprika, sukkererter, vårlauk…) mot slutten av steiketida.
  2. Server med deilige båtpoteter og ein dressing av rømme og graslauk (finhakk graslauk og rør inn i eit beger med rømme saman med litt salt og pepar, og vips er dressingen klar).

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s