Rabarbrapai med jordbær

pai med rabarbra og jordbær

Dette er ein klassikar. Dei må me ikkje gløyma, sjølv om me testar nye kombinasjonar.

For å laga denne deilige, og veldig enkle paien med rabarbra og jordbær treng du:

  • 180 gram kveitemjøl
  • 110 gram smør
  • 1 eggeplomme
  • 2-3 matskeier vatn
  • 0,5 liter vaniljekrem
  • Ein god handfull rabarbra og jordbær

Sånn gjer du det:

  1. Bland mjøl og smør og gni det til smular med fingrane.
  2. Bland inn eggeplomma og vatnet slik at du får samla deigen til ein klump.
  3. La deigen stå ein halvtime i kjøleskapet.
  4. Kjevl deigen ut i høveleg storleik, og ha han oppi ei paiform.
  5. Legg eit bakepapir oppå deigen, og fyll på med tørre erter, ris eller noko anna som kan halda bakepapiret og deigen nede, og steik deigen på 200 grader i om lag 20 minutt.
  6. Ta deigen ut av omnen, og ta av erter/ris og bakepapiret.
  7. Fyll på med vanilijekrem, grovhakka bitar av rabarbra og jordbær.
  8. Steik ferdig på 200 grader i om lag 20 minutt.
  9. Server med iskald vaniljeis.

 

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s