Vatn med gulrot og jordbær

emil og drinken

I dag har junior laga sin første drink. Ein real sommarlæskedrikk.

Det er ikkje nokon løyndom at son min liknar på meg. Vonleg veks han til og blir meir lik mora etter kvart, men enn så lenge har han mine trekk, seier folk.

Og det er ikkje berre utsjånaden som er lik. Me har også same interesser. Begge er glade i å laga mat og drikke. Begge likar å fiska. Begge likar å grisa med mold, og begge synest mor hans er digg.

I dag laga han sin første drink (om me ser vekk frå ulike kreasjonar med vatn og sand i hovudrollene), saman med kompisen Preben. Den hadde tre ingrediensar: Gulrot og jordbær som var hakka og pressa med ein gaffel, og rørt ut i kaldt vatn frå springen. Faktisk ganske godt og læskande ein varm sommarkveld.

Som takk for drinken ville han gjerne at eg skulle legga oppskrifta og eit bilete ut på bloggen. Sånn, då var det gjort. Så ventar me spent på neste sprell.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s