Årets første gladnyhet: Me er tilbake!

meg og alva

Det er på tide å vekka hage- og matbloggen frå dvalen.

For ganske nøyaktig eit halvt år sidan takka eg for meg som hage- og matbloggar, om lag to år etter at eg starta bloggen Frå hage til mage – om mold, makk og matauk.

Mykje hadde då endra seg sidan bloggen først såg dagens lys, som til saman gjorde at eg landa på at det var på tide å legga blogginga på hylla. Det har eg ikkje angra på eit sekund, men har no likevel kome fram til at det har vore stille her lenge nok.

Det har nokre heilt konkrete grunnar:

  • Matspalta Digg, som eg har skrive saman med fotograf Per Egil Larsen i Sunnhordland sidan februar, er lagt ned frå nyttår, og eg har dermed ingen andre matrelaterte, faste oppdrag lenger.
  • Kona meiner det har blitt laga mykje mindre god mat i heimen etter at bloggen blei lagt i dvale, og ønskjer at eg startar opp igjen.
  • Me ventar kjøkenhageassistent nummer tre i mai, og får dermed på ny behov for kjekke aktivitetar i og rundt heimen, sidan småfolk har ein tendens til å begrensa både lyst og høve til å farta for mykje. Til gjengjeld aukar det både lyst og behov til å dyrka fram eigne råvarer til barnematproduksjonen som ventar.

Som de forstår, er det mykje kjekt i vente i kjøkenhagen, og eg har altså konkludert med at ein del av det skal delast med det store internettet, trufaste lesarar og alt det der.

Eg hadde ein periode ein ambisjon om å legga ut nye oppskrifter kvar dag. Det blir det ikkje noko av no, med eit langt meir avslappa ambisjonsnivå. Målet er likevel at det skal vera underhaldande, nyttig og smakfullt å følgja med på bloggen utover våren og sommaren.

Med det vil eg, og alle mine kjøkenhageassistentar, ønska dykk alle eit godt nytt år. Måtte det bli fylt av gode smakar, spennande utfordringar og kjekke folk.

6 thoughts on “Årets første gladnyhet: Me er tilbake!

  1. Dette var hyggelig nyhet for nyåret! Ønsker deg lykke til fremover, både med barn og fine inspirerende innlegg for hage og kjøkken! Gleder meg til å følge med🙂

  2. Dette er inspirerende. Bare bra at du ikke legger ut nytt hver dag, slik en annen tregvstakkar har sjans til å følge med. 🙂

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s