Hagebloggaren sine nyttårsforsett

anders vatnar

Går alt etter planen, blir 2014 året me for alvor loggar oss av internett og går ut av huset. Ikkje berre ut i hagen, men til skogs, til fjells og til sjøs.

Eg har i grunn aldri hatt sansen for nyttårsforsett. Plutseleg skal liksom alle gjera alt dei ikkje klarte året før. Intensjonane er gode, men masseinnmelding av støttemedlemmer på treningsstudioa og bosdunkar fulle av grøntfor er som oftast resultatet. Kor positivt det er, kan diskuterast.

Likevel har eg i år – for første gong, så vidt eg kan hugsa – formulert nokre mål for det nye året. Dei handlar verken om forbrenning, flått eller fylleangst, og høver dermed dårleg på tabloide framsider. Men eg trur likevel dei har noko for seg, som kan vera verd å dela med andre

 

Forsett 1: Roa ned matlaginga.

Me lagar mykje god og variert mat i heimen, og har ofte både lunsj-, middags- og kveldsgjester. Det er i seg sjølv utelukkande positivt, men har også ei bakside. Glade som me er i mat, vil me aller helst laga noko nytt kvar dag. Og glade som me er i gjester, lagar me ofte porsjonar som langt overstig det eigentlege behovet i heimen.

Resultatet er at det står restar i kjøleskapet, som blir ståande til dei utviklar eigne bein å gå på. Kjøkenprosenten er rett og slett for stor, som min gamle sjef, kjøkensjefen, ville ha sagt.

For å unngå dette har eg ei enkel, men likevel vanskeleg, oppskrift. Me må roa ned innkjøpa og porsjonane, og bli flinkare til å eta restar. Restemiddag er også middag. Me veit det godt, men i den travle kvardagen har me altfor lett for å heller laga noko nytt.

Det betyr ikkje at me skal laga dårlegare mat, berre at me skal laga litt mindre mat i slengen. Kombinert med eit mål om å prøva ut fleire nye råvarer i kvardagskjøkenet, kan det fort gå godt.

 

Forsett 2: Vera meir ute.

Det er ikkje berre ein klisje at det enkle ofte er det beste. I jakta på større TV-skjermar, dyrare møblar og fjongare kjøkenutstyr er det lett å gløyma at lukka i livet er

  • å koka kaffi på eit bål
  • å vakna med junior i armkroken, i ein sovepose i skogen
  • småfolk som fråtsar i jordbæråkeren før middag
  • ein makrellstim som nappar når sola skin
  • ei rufsetet dotter på to som spikkar sin eigen spiddepinne
  • iskaldt badevatn i ein kulp på fjellet
  • eit slag krokett i hagen
  • fyr i grillen
  • ein måneskinstur i snøen

 

Forsett 3: Logga av.

Med telefonar, nettbrett og allslags duppetittar er både små og store online døgnet rundt. Om me et middag, går tur eller fiskar, er me stort sett tilgjengelege for både familie, vener og arbeidsgjevarar. Det har sine fordeler, men det kan definitivt også bli for mykje.

Anten det er jobb, avislesing eller rølp som trekk oss til dei små skjermane, er resultatet altfor ofte at verda rundt blir gløymt. I alle fall i nokre minutt. For meg som er far kan det oversetjast til at eg overser mine to (snart tre) små, som mest av alt vil at eg skal gje dei litt merksemd den korte tida me har saman mellom arbeidsdagens slutt og leggetid.

Difor er det største målet for 2014 at eg skal logga av. Ikkje heilt, men meir enn før. Det gamle ordtaket er nemleg ikkje heilt rett. Ein skal sjølsagt ikkje kimsa av å gjera andre glad, men den største gleda eg kan ha er å sjå at kidsa har det bra.

Og det er frykteleg vanskeleg å sjå noko som helst utan å eigentleg vera til stades.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s