Aspargesen kjem tidleg i år

AspargesI dag har årets første aspargesskot stukke opp av pallekarmen, meir enn ein månad tidlegare enn dei første skota i fjor.

9. mai registrerte eg årets første aspargesskot i fjor. Det var difor ein svært overraska hagerøktar som oppdaga desse tre feite aspargesskota i kjøkenhagen i dag.

Og ikkje berre var eg overraska. Som dei føregåande åra var eg også frykteleg letta over å kunna slå fast at minst ei av aspergesplantene har overlevd vinteren. Å dyrka asparges er nemleg ikkje gjort i ein fei.

aspargesplante

På grunn av at røttene til aspargesplantene treng å etablera seg skikkeleg, bør du nemleg ikkje hausta av aspargesavlinga før plantene er tre-fire år gamle. For kvart skot du kappar av, brukar nemleg planta energi til å skyta opp nye skot. Så lenge skota får stå i fred, går næringe til røttene.

Sidan rotsystemet er så viktig for aspargesen, er det også grunn til å legga ned ein ekstra innsats for å hindra ugras frå å komma seg inn i aspargesbedet. Difor er også pallekarmen med asparges førebels den einaste i kjøkenhagen min som er kledd med duk på innsida.

Aspargesen strekker seg

Synest du dette høyrest ut som mykje strev, kan eg stadfesta at det stemmer. Men så var det det om den som ventar på noko godt…

Når dei tre-fire første åra har gått, er det nemleg mykje godt i vente. Dersom plantene har etablert seg skikkeleg, kan kvar rot forsyna deg med tosifra tal skot som kjem igjen og igjen etter kvart som du kappar dei av. Og med rette vêrforhold veks aspargesen imponerande fort. Og berre så det er sagt: Det er lite som kan måla seg med norsk asparges i sesong.

asparges

Og det beste av alt? Sidan eg kjøpte aspargesplantene eitt år gamle, og har hatt dei i hagen i tre år, er det endeleg tid for hausting i år.

One thought on “Aspargesen kjem tidleg i år

  1. Spennende å følge med hagen din! Jeg planlegger å få min kjøkkenhagen over i pallekarmer og lurer på hva du har kledd den med asparges i med. Og vil du anbefale å behandle pallekarmene med noe for å øke holdbarheten på dem?

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s