Kjøkenhagen vaknar etter vinteren

rabarbra

Etter ein kort og rar vinter, er det no skikkeleg vårstemning i hagen. Det er godt nytt for oss som likar å komma tidleg i gang med sesongen.

Rabarbraen veks som berre det, og både løpstikke, spansk kjørvel og brennesle stikk opp frå bakken. Og skvallerkålen, me må ikkje gløyma den.

Løpstikke

Det beste med denne tjuvstarten på våren er likevel at det ikkje er tele i bakken, slik det var til langt ut i mai i fjor. Dermed kan eg alt no starta gravearbeidet, og komma i gang med alle hageprosjekta eg har planlagt i år.

Spansk kjørvel

Det inkluderer mellom anna følgjande:

  • Bygga platting på bakkenivå, slik at ungane kan springa fritt rundt i hagen når me fyrer i grillen, utan at me mister heilt kontrollen. Dersom me kjem i mål med dette, skal me også få opp eit drivhus på ti kvadratmeter på eine enden av plattingen.
  • Finna høveleg plassering til sandkassa eg nettopp har skrudd saman, og skaffa sand.
  • Gjera om det som har vore ein steinplatting i eine hjørnet av hagen til eit eige konefelt. Det betyr i praksis at det skal dyrkast store mengder jordbær der.
  • Flytta alle bærbuskane frå sirkelen rundt steinplattingen til eit nytt felt nederst i hagen.
  • Tømma pallekarmane i kjøkenhagen og flytta dei vekk, slik at eg kan gjera skikkeleg grunnarbeid før eg set dei tilbake og fyller på med jord og nye frø.

Når det gjeld det siste punktet, kan eg like godt seia det som det er. Eg var nok for lite tålmodig då me flytta inn, og slurva med grunnarbeidet då kjøkenhagen kom på plass. Det har ført til massiv ugrasvekst, noko eg har tenkt å gjera noko med no.

Kjøkenhagen

Heile kjøkenhagen skal få duk under seg, og det skal inn rein og fin jord. Einaste utfordringa med dette er at det står ein pallekarm med asparges der, som eg ikkje utan vidare kan flytta på, dersom eg vil at plantene skal overleva. Så då får me sjå om eg finn ei fornuftig løysing på det.

 

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s