No står frukttrea i full blom

frukttre

Etter ein fantastisk periode med strålande vêr, har dei siste dagane vore prega av regn i hagen. Det er ikkje berre trist.

I tillegg til at plantene treng litt vatn etter den tørre perioden, betyr det at eg ikkje kan mala hus på ei stund. Altså er det ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.

Desse bileta blei tekne sist veke, medan sola stod høgt og me kunne gå med kortbukse i hagen. Dei viser at det slettes ikkje berre er aspargesen som er tidleg i år, men også frukttrea har rukke å bløma for fullt.

Ser du nøye etter, ser du også at eg har spadd vekk heile kjøkenhagen min. Det betyr ikkje at det er slutt på grønsaksdyrkinga, men eg har starta på eit omfattande arbeid med grunnarbeid (som eg sjølvsagt helst skulle gjort då eg laga til kjøkenhagen for nokre år sidan).

Sånn ser hagen ut no, sett frå terrassen:

hagen

One thought on “No står frukttrea i full blom

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s