Sjekk den aspargesavlinga!

Asparges

 

Fint vårvêr gjev fin asparges. I løpet av april rakk eg å hausta opptil fleire gonger. Det er digg.

Det var med stor glede eg tidleg i april registrerte at det spirte i pallekarmen der aspargesen bur, så mykje som ein månad tidlegare enn i fjor. Eg var likevel litt uroleg, fordi det i fleire veker berre var ei rot som spirte og kom med friske skot opp av bakken.

Ei stund vurderte eg difor å røska opp heile karmen for å planta nye aspargesrøtter (eg har fem aspargesplanter i karmen).

Det er eg frykteleg glad for at eg ikkje fekk tid til å gjera. No kjem det nemleg deilig og frisk asparges opp frå heile karmen, og det ser ut som det berre var den eine planten som var ekstra tidleg i år.

Det betyr at eg no kan sjå fram til nokre gode veker, der eg jamt og trutt kan forsyna meg grovt frå aspargesåkeren. Endeleg kastar innsatsen av seg.

Asparges

 

One thought on “Sjekk den aspargesavlinga!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s