Kjøkenhagen tar form – igjen

emil og alva

Det har vore rolege tider på bloggen i det siste. Det har det ikkje vore i heimen. Heller ikkje i kjøkenhagen.

Sjølv om ein plutseleg heimefødsel (som du kan lesa om i lokalavisa her, om du vil), og to strøk maling på heile huset, har tatt det meste av tida, har det også vore tid til eitt og anna tak i hagen den siste månaden.

Det har gjeve resultat. Kroken i hagen, som skulle bli ein platting, men enda opp som gjengrodd kratt, har blitt jamna med jorda og gjort om til jordbærkrok. Sånn:

plattingen

duk

kassane

DSC_5623

Under kassane har eg lagt duk, som skal halda ugraset vekke. Rundt er det eit lag med bark, og så jord som eg har planta gras i. Så snart eg får tid skal området mellom karmane fyllast med singel.

På same måte har eg raska ned og bygt opp igjen resten av kjøkenhagen. Som no ser sånn ut:

DSC_5620

Der har eg sådd ruccola, blanda salat, reddik, grønkål, gul og grøn quash, sukkererter, poteter, ulike betesortar (raude, gule, kvite og polka), bladbete, gulrøter i ulike fargar, vårlauk og persillerot. I tillegg står asparges og løpstikke der, som før, og eg har sett nedi nokre urteplanter eg har kjøpt på butikken.

Sidan den gjongrodde plattingen, som var omkransa av bærbuskar, er vekke, har eg også flytta bærbuskane. No står dei fint plassert i området nederst i hagen:

DSC_5622

Og som om ikkje det var nok, har rabarbraen flytta ut av det definerte kjøkenhageområdet, og har gjeve ei slags løysing med problemet med den stygge, gamle blodlønnrota som ikkje vil forsvinna. No ser det sånn ut, og eg synest i grunn det er ganske greitt:

DSC_5621

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s