Den nye skrivestova mi tar form

Endeleg er drivhuset på plass på den nye plattingen, som eg skrudde opp i hagen i fjor. Dermed er alt klart for ein fantastisk vår i hagen, anten det regnar eller haglar eller sola skin ein sjeldan gong.

Å ha mitt eige drivhus er ein draum eg har hatt sidan me flytta inn i huset for snart fire år sidan. Ikkje fordi eg har så stort behov for å dyrka varmeglade planter, sjølv om det sjølvsagt er kjekt. Vel så mykje blir drivhuset ein stad eg kan trekka meg litt tilbake med ein kopp kaffi og ei god bok. Eller setja meg med laptopen og skriva, eller spela orgel.

Joda, du las rett. Eg har skaffa meg eit drivhusorgel. Det stod og ropte etter meg då eg skulle levera bos tidlegare i veka. Og vips! var det inne i bagasjerommet, og før dagen var omme var det på plass i drivhuset. Sånn:

Orgel i bil

Orgel i drivhus

I tillegg til orgelet, har eg sett ut alle plantene (agurk, tomat, chili og paprika) som kona sådde tidlegare i vår.

Sånn ser det ut i drivhuset no, når eg nyt utsikta over fjorden og fruktbløminga og Susanne kjenner suget etter å dela med Instagram og Facebook og dei:

Utsikt frå drivhuset

Planen er å utstyra heile drivhuset med ting som andre ikkje vil ha lenger. Til dømes har eg fått bordet som står i kroken av svigermor, medan pottene som står i hylla stod og støva ned hos ho mor. Men alt dette får me komma tilbake til seinare. No skal eg nemleg potta om nokre piementos…

2 thoughts on “Den nye skrivestova mi tar form

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s