No begynner det å komma seg her

Eg har liksom heile tida tenkt, og sagt, at eg skal bruka drivhuset som skrivestove, i tillegg til lysthus og planterom. Kor realistisk det var å faktisk kunna bruka det nye uterommet slik, har eg derimot tenkt fint lite på før no.

Det var difor ein svært letta og nøgd drivhusvert som i kveld kunne setja seg godt til rette i godstolen, og slå fast at det trådlause nettverket i buhuset når heilt ut i drivhuset.

Dermed er det ingenting som hindrar meg i å ta drivhuset i bruk som både heimekontor og kva det skal vera. Kanskje bortsett frå blendande sol og steikande varme, då, men det får eg heller takla.

No gjenstår det berre å få lagt inn eit straumuttak, så eg slepp å dra fram skøyteledninga kvar gong eg skal spela orgel. Litt straum kjem eg nok uansett til å få bruk for, om eg skal ha lys og varme i drivhuset om vinteren.

Og det må vel til. Om drivhuset frys ned om vinteren, er jo halve moroa vekke.

(Viss du lurer på kva som går føre seg i bakgrunnen på bildet, er det altså kona som er ute og vaskar plattingen, som skal beisast når me får ein dag og to utan regn. Ho er ganske grei å ha. Sånn generelt.)

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s