Denne sleipingen trugar drivhusidyllen

Det er vår, og snigleinvasjonen er eit faktum. At sniglar er ei større plage enn både ugras og nabokattar til saman, har eg for lengst slått meg til ro med. Men eg håpte i det lengste at eg skulle sleppa dei slimete plageåndene i drivhuset.

Dei to vekene som har gått sidan eg sette ut planter i drivhuset, har eg ikkje sett ein einaste snigl. Difor har eg følt meg relativt trygg på at sniglane ikkje finn vegen inn til godsakene i drivhuset. No er eg derimot litt usikker.

For det første har eg høyrt skremmande historier om folk som reiser på ferie, og kjem heim til drivhus som er svarte av sniglar. Men med drivhuset plassert på ein treplatting, med tonnevis av singel, og ein tett duk, under, har eg levd i håpet om eit sniglefritt tilvære innanfor dei fire glasveggene.

For det andre fann eg ein feit snigl på skoen min, då eg sat i drivhuset og beundra arbeidet til kona i går. Det rare er at det berre var den eine sniglen. Og mi erfaring er at der sniglane først finn fram, kjem dei i hopetal om det er noko godt som freistar. Men her var det altså berre denne eine.

Den beste teorien min er at sniglen alt hadde festa seg til skoen før eg gjekk inn i drivhuset, og såleis er meir å rekna som ein blindpassasjer enn ein inntrengjar. I verste fall er heile drivhusidyllen truga av dei sleipe spiredreparane.

Har du erfaring med sniglar i drivhus, må du gjerne dela dei i kommentarfeltet.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s