No er rabarbraen på sitt beste

Noko av det aller beste med å ha hage, er å kunna dyrka sin eigen rabarbra. I tillegg til den deilige smaken, er det ein ting som gjer at rabarbraen skil seg ut frå det meste som veks i kjøkenhagen: Han er klar til 17. mai!

Det gjeld nemleg å eta rabarbraen før han blir for gammal, stilkete og full av oksalsyre. Begynner stilkane å bløma, slik me kunne sjå antydning til her hin dagen, er det berre å få ut fingrane, og få inn stilkane.

Ei av mine favorittoppskrifter med rabarbra er muffins med rabarbra og vaniljekrem. Det blei dagens kveldsmat for heile familien, etter at eg var ute og gjorde eit godt innhogg i rabarbraplantasjen, med ei lita endring på oppskrifta: Eg dobla oppskrifta på røra, og putta oppi mykje meir rabarbra. Det funka fantastisk bra!

Har du mykje rabarbra, vil eg på det sterkaste tilrå å laga råsaft av rabarbra. Det er noko av det beste som finst. Heilt sant.

Elles har sure og sinte bondepiker blitt ein aldri så liten klassiker, som er vel verd å prøva.

Og kikkar sola fram, er det lite som både er like enkelt og godt som ei rabarbrasuppe med jordbær og is. Det er nesten så eg blir svolten berre av å tenka på det. Heldigvis er det meir muffins igjen på kjøkenet.

Og sånn ser rabarbrarota vår ut, etter dagens hausting:

Rabarbra

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s