Første forsøk med gule bringebær

Me likar bringebær. Det er nesten så me kappspring heim om sommaren, for å nå først fram til dei saftige, raude bæra som heng og ventar. For når det først begynner å bli raudt i bringebærfeltet, går det unna.

I år skal det derimot ikkje berre bli raudt. Om alt går som det skal, vil me også kunna hausta deilige, gule bringebær. Det synest eg er gøy.

Eg har nemleg aldri smakt gule bringebær før. Ikkje har eg sett det heller, bortsett frå på TV, og det er liksom ikkje heilt det same som å ha det i eigen hage.

I alle fall: No har eg grove opp eit nytt felt, attmed der det alt står raude bringebær, og sett nedi fire planter med gule bær. Planen er at dei skal spreia seg sjølv, slik at dette feltet blir like fruktbart som det andre om eit år og to.

Bringebærfelt

Det var ikkje så mykje arbeid som skulle til. Først spadde eg opp graset, og fekk fjerna nokre store steinar som luska rett under overflata. Deretter spadde eg i ein god dose kumøkgjødsel, før eg sette plantene nedi og spadde mold rundt dei igjen.

På toppen har eg lagt ein real dose grasklypp, som skal gje næring til plantene utover våren. Så er det berre å kryssa fingrane for at dei gule bringebæra smakar godt, og ikkje berre ser rare ut. Eg har i alle fall trua.

Nytt bringebærfelt

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s