Det spirer og gror i pallekarmane

Her kjem årets første oppdatering frå pallekarmane. Sjølv om det er mykje tid som går med i drivhuset for tida, har me ikkje gløymt grønsakene og urtene som veks i den “originale” kjøkenhagen.

Bildet på toppen viser pallekarmen der det vaks urter i fjor. Dei som har kome opp igjen i år, er – ikkje uventa – sitronmelise, oregano og peppermynte. Dei veks og trivst som berre det, og skal få godt med plass denne sesongen.

I år har eg utvida med ein ny urtekarm, der det skal stå litt forskjellig. Så langt har eg sett nedi ei potte med timian og ei potte med persille, som eg har kjøpt på butikken:

bilde (15)

I aspargeskarmen veks det også godt (sjølv om det ser glissent ut på bildet), og det nærmar seg årets første hausting av asparges. Så langt har fire av fem røter vist livsteikn, i tillegg til at det tydelegvis har frøsådd seg ein del nye planter.

bilde (18)

I år, som i fjor, har eg sådd gulrøter i ein av dei doble karmane, så røtene skal få litt meir jord å boltra seg i. Her er det også sådd persillerot i år. Det er ikkje lett å sjå, men alle radene har begynt å spira.

bilde (17)

For å få ny og frisk salat gjennom heile sommaren, har eg i år sådd nøyaktig det same i fleire av pallekarmane, som eg sår i med nokre vekers mellomrom. Der har eg sådd ruccolasalat, runde gulrøter, vårlauk, reddikar og plukksalat. På grunn av at naboen sin katt driv og skit i karmane, er radene litt hulter til bulter, men det er ikkje så altfor verst.

bilde (13)

I fjor gløymde eg å setja lauk, men i år har lauken til gjengjeld fått ein heil karm for seg sjølv. Her veks det altså berre raudlauk og sjalottlauk, som viser godt igjen med det grøne lauvet over bakken.

bilde (14)

I tillegg til desse karmane, har eg sett av plass til tre nye i år, som eg snart må få på plass. Der skal eg, etter planen, så ein del bete. Kva meir som skal i jorda der, er enno uvisst. Men eg tar gjerne imot gode tips til kva me bør prøva.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s