Såååå kjekt er det i drivhuset!

Etter nokre veker med innreidd drivhus, er både eg og Mari (1) godt nøgde. I tillegg til at me har fått oss eit rom for å så og dyrka, og at eg har fått meg ei ny skrive- og spelestove, har me jaggu også fått oss ein ny plass me kan eta lunsj saman når det regnar ute.

Bruksområda til det 10 kvadratmeter store drivhuset ser altså ikkje ut til å ta nokon ende. Og endå har me ikkje starta haustinga av alt det gode me har sådd.

Rett nok har eg tatt inn nokre små agurkar, men dei kom frå ei plante frå IKEA, som eg fekk i innflyttingsgåve til drivhuset, så det er liksom ikje heilt det same. Sånn ser agurkane ut:

Agurk i drivhuset

Elles har me i dag fått sådd månadsjordbær i tre potter som skal henga frå taket. Me har også sådd seks squashplantar, og potta om nokre tomat- og chiliplanter som hadde vakse seg ut av pottene sine.

Dermed begynner det å fylla seg godt opp på golvet, og eg må begynna å tenka på hyller og den slags for å få plass til meir. Kanskje må eg ut og spikra litt. Men ikkje no. No er det nemleg kaffitid.

8 thoughts on “Såååå kjekt er det i drivhuset!

  1. SÅ koselig! Har same prosessene heime hos oss, vårt nybygde drivhus på 11 m2 vert ferdig kanskje til helga. STOR GLEDE!

  2. Så gøy å se fra hagen din igjen. Jeg var på foredraget ditt i Haugesund hagelag, er fortsatt alt i hagen spiselig?
    Hilsen Ingeborg fra fruhaldshage.blogspot.com

    • Her kan framleis alt etast, ja (bortsett frå nokre blomar som kona har ansvaret for på oppsida av huset, ved inngangspartiet). Men det begynner å minka på plassen til å laga nye kjøkenhagefelt, så no var det godt eg fekk meg drivhus.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s