Amerikansk kveld på festivalgrillen

No er det snart berre ei veke til eg skal fyra i grillen under årets happening på Kaldestad, når sjølvaste Kaldestadfestivalen går av stabelen. Og endeleg er menyen klar.

I utgangspunktet hadde eg tenkt å grilla ein heil masse småknask frå eigen hage, og ikkje minst frå drivhuset. Men sidan me har hatt sånn ca ein dag med sol sidan nyttår, er det fint lite som har vakse seg stort nok og modna i tide.

Dermed kunne eg heller ta utfordringa frå festivalsjef Roald Kaldestad på alvor. Sidan festivalen i år er på 4. juli – USA sin nasjonaldag – meinte han det godt kunne vera noko med amerikansk schwung over på menyen.

Og det blir det. I kveldinga blir det pulled pork burger på grillen, servert med ein fyldig og god cole slaw med mykje godt i. Det blir også planen å laga litt anna tilbehør, men nøyaktig kva det blir er det ingen som veit før fyrstikka møter kolet, omtrent.

Når kvelden går mot natt, ryddar eg vekk burgerane, og set ei svær gryte på bålet. Ingen skikkeleg fest(ival) utan nattmat, og denne kvelden kokar eg saman ei sterk og god gryte med chili con carne, som truleg blir servert med ein brødbit.

Dette blir bra. Me snakkast på Kaldestad!

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s