Ein ny vår i drivhuset

Endeleg går det mot lysare tider, og vinteren begynner å sleppa taket i hagen. Årets første økt i hagen gjekk med til ei aldri så lita opprydding i drivhuset.

Strengt tatt burde eg heilt sikkert ha gjort dette i haust – før vinteren – men då var eg opptatt med altfor mykje anna. Dermed blei det eit skippertak no i staden.

bilde (47)

Alt av planter er kasta ut, bortsett frå eit oliventre og ein druestokk som skal få bu der permanent. Resten – tomat, chili og den slags – skal bytast ut med nysådde planter i år.

I tillegg har eg fått inn ein ny sofa. Eller, ny og ny. Godt brukt er vel meir rett. Det same kan det vera, fin er han i alle fall, og han passar perfekt inn langs kortveggen i drivhuset.

Dermed har eg no fått på plass ei skikkeleg sitjegruppe, der det i fjor berre var ein stol, og er klar til å ta imot kaffigjester når sola går ned.

bilde (48)

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s