Første runde med frø

No ventar me i spenning på dei nye sortane.

Sjølv om det framleis er frost om natta, og fare for glatte vegar, var det på høg tid å få sådd litt no. Med drivhuset klart for våren, gjeld det å ha den første spiringa unnagjort når det blir stabile plussgrader ute.

Rett nok har eg ikkje varme i drivhuset, anna enn det naturen og glasflatene byr på, så inntil vidare får spiringa føregå innomhus. Men som sagt, så snart det blir nokolunde trygt for frost, flyttar me mesteparten ut i drivhuset.

Nokre av plantene skal også plantast rett ut, medan me truleg tar inn nokre potter i stova òg.

I dag har eg sådd: 6 piemento de padron (ein slags mild chili), 6 blomkarse, 6 etbare blomar, 3 squash, 3 chili, 3 plukksalat, 1 tomatillo (ikkje testa før), 1 minimelon (ikkje testa før) og 1 paprika.

Og akkurat då eg var ferdig, og hadde flyt såkaret, oppdaga eg at eg ikkje hadde sådd verken tomat eller agurk. Det kan berre bety ein ting: Eg må snart så meir.

Kva seier du?

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s